3 ølboksar

Ægir Bryggeri verner namn og design for å hindre konfliktar

Ægir Bryggeri blei starta i 2007 og er i dag eit av Noregs fremste handverksbryggeri. Eigarane har valt å beskytte navn og design på produkta for å hindre tidkrevjande konflikter, slik at dei kan fokusere på ølbrygging i staden.

Ægir Bryggeri blei starta i 2007 og er i dag eit av Noregs fremste handverksbryggeri. Eit nøkkelord i filosofien til Ægir er mangfald, fordi dei meiner at folk fortener eit val også når det gjelder øl - særleg i kombinasjon med god mat.

Ægir fortsetter med utvikling av spennande og smaksrikt kvalitetsøl, no tappa på miljøvenlege bokser som bevarer ølets kvalitet betre enn glassflasker.

Eigarane av bryggeriet har registrert navnemerke Ægir, samt ein god del produktnavn. I tillegg har dei designregistrert ulike ornament.

– Vi har jobba hardt for å byggje opp eit renommé for ølet vårt i Noreg, og nå satsar vi veldig på eksport. Det er viktig for oss at vi ikkje kjem bort i konflikter som kan verte tid- og ressurskrevjande. Vi vil heller fokusere på det vi gjer best - bryggje godt øl!

mann som holder et ølglass

Evan W. Lewis

Gründer og bryggjar

Ægir Bryggeri blei kontaktet av ein fullmektig som gjorde dei merksam på kor viktig det er å beskytte varemerker og design. Sidan har bryggeriet brukt dei til å handsame søknadene over heile verda, med stort hell.

 

Relaterte artikler

Les mer om Beskytte ideer og immaterielle verdier – strategi for gründere og oppstartsbedrifter
Bølger-Isblå-Møsegrønn

Beskytte ideer og immaterielle verdier – strategi for gründere og oppstartsbedrifter

Gründere og oppstartsbedrifter har gode ideer, men mangler ofte en tydelig plan for hvordan de skal styre, beskytte og utnytte immaterielle verdier. En strategi for immaterielle verdier handler om mer enn jus og registrering; den må henge sammen med forretningsmålene for å skape et varig konkurransefortrinn.

Publisert 11. november 2025