Om oss

Patentstyret gir rettar til patent, varemerke og design i Noreg, for norsk og utanlandsk næringsliv. Mandatet vårt er å rettleia – gjennom kurs, rapportar, internasjonalt samarbeid og forundersøkingar.

Mann-smiler-mot-kamera

Dette er Patentstyret

Patentstyret har sidan 1911 hjelpt næringslivet med å ta vare på verdiar gjennom å tildela patent, varemerke- og designrettar.​

Vi gjer idear til verdiar og vernar innovasjonar som blir tradisjonar.​​

Vi er ein medspelar og legg til rette for god forvaltning av immaterielle verdiar, som vil bidra til å sikra investeringar, forbetra lønnsomheiten, tryggja arbeidsplassar og auka verdiskapinga for verksemder i Noreg.​

Vi skal vere ein aktiv medspelar for forsking, innovasjonsmiljø og næringsliv – i tillegg til rolla vår som myndigheitsorgan.

Gjer idear til verdiar

Krystall-Grønn-MørkBlå

Visjonen vår

Immaterielle verdiar kan utgjere inntil 90 % av verdiane i ein organisasjon. Når dei immaterielle verdiane i ein organisasjon eller bedrift blir forvalta godt, aukar sjansane for å lykkast med verdiskaping.

Samfunnsoppdraget vårt handlar derfor om å vere ein medspelar og legg til rette for god forvaltning av dei immaterielle verdiane, slik at lønnsemd og verdiskaping aukar hos bedrifter og generelt i det norske samfunnet.

Verdiane våre

Patentstyret har fire grunnleggjande verdiar som skal kjenneteikne det daglege arbeidet vårt og dei vala vi tek. Verdiane hjelper oss med å gjere visjonen levande, oppfylle samfunnsoppdraget vårt og nå måla våre.Vi skal arbeide aktivt med verdiane, og jamleg spørje oss sjølv og kundane våre om vi opptrer i samsvar med desse. Vi skal vere:

  • truverdige
  • kunderetta
  • engasjerte
  • løysingsorienterte

Oppgåvene våre

Patentstyret behandlar søknader og gir rettar til patent, varemerke og design i Noreg, til både norsk og utanlandsk næringsliv. Vi arrangerer kurs og held foredrag om immaterielle rettar og korleis dei kan sikrast og utnyttast til å skape verdi. I tillegg tilbyr vi ulike typar forundersøkingar. Her skaffar vi oversikt over teknologiområde og gir førehandsvurderingar av nye oppfinningar, varemerke og design.

Patentstyret er partnar i Nordisk Patentinstitutt og dermed internasjonal granskingsmyndigheit for patentsøknader gjennom det internasjonale søkjesystemet PCT. Nordisk Patentinstitutt utfører også ulike patentsøk og analysar for utanlandsk næringsliv.

Historia vår

Patentstyret vart oppretta i 1911. Følg historia gjennom 100 år.

I samband med 100-årsjubileet vårt i 2011 laga vi ein kavalkade om norske idear og nordmenn si oppfinnsamheit. Filmen er laga i samarbeid med NRK Aktivum.

Thumbnail-video-100aar-med-gode-ideer

100 år med gode ideer [varighet 8:29]

Kontaktinformasjon

Organisasjonsnummer:971 526 157
Postadresse:Patentstyret,
Postboks 4863 Nydalen,
N-0422 Oslo
Besøksadresse:Innspurten 11C, 0663 Oslo
E-post:post@patentstyret.no
Kundesenter:+47 22 38 73 00

Telefonførespurnader: Måndag–fredag 9.00–15.00. Vi held ope alle kvardagar.

Om du sender ein e-post til e-postadressen vår, vil du få ei automatisk stadfesting om at vi har registrert e-posten. Får du ikkje denne kvitteringa, må du kontakte oss på nytt. For å vera sikker på at me får førespurnaden din, kan du sende melding via det digitale skjemaet vårt. Du kan også bruke dette skjemaet i Altinn.

Send oss ei melding
Les mer om EU og Norge enige om praksis for varemerker i ond tro og i strid mot offentlig orden eller moral
Krystall-Isblå-Møsegrønn
  • Nyheter
  • Varemerke

EU og Norge enige om praksis for varemerker i ond tro og i strid mot offentlig orden eller moral

Patentstyret og EUIPO har utarbeidet felles praksisdokumenter (CP13 og CP14) som tydeliggjør hvordan varemerkesøknader i ond tro vurderes, og hvordan merker som strider mot offentlig orden eller aksepterte prinsipper for moral tolkes. Målet er å styrke forutsigbarhet, rettssikkerhet og klarhet for både søkere og saksbehandlere.

Publisert 15. september 2025