Om rekrutteringsprosessen

Får du lyst til å bli ein del av fellesskapen i Patentstyret?

Søkje jobb i Patentstyret

Når du søkjer er det viktig at du fortel noko om deg sjølv, kvifor du har lyst å jobbe hos oss og kva motivasjon du har for stillinga. Det er òg viktig at du legg ved relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Alle som blir kalla inn til intervju blir bedne om å ta med originale vitnemål og attestar eller stadfesta kopiar.

Ta vare på stillingsutlysinga. Når søknadsfristen er gått ut, forsvinn utlysingsteksten frå nettet.

Tilbakemelding

Straks du har søkt på ei stilling hos oss, får du ein e-post med stadfesting på at søknaden din er motteken. Etter at søknadsfristen er gått ut, vurderer vi alle søkjarar, før dei som er aktuelle for intervju blir kontakta.

Først når tilsetjingsprosessen er over, blir det sendt ut e-post om at stillinga er fylt og kven som har fått ho.

Informasjon om deg i offentleg søkjarliste

Vi lagar ei offentleg søkjarliste. Den gir informasjon om namn, kjønn, bustadkommune og alder på alle søkjarar på stillinga. Det er svært strenge krav for å sleppe å vere med på ei slik liste. Ønskjer du at namnet ditt ikkje skal stå på lista, må du krysse av og grunngi dette når du søkjer. Viss vi ikkje kan godta ønsket ditt, har du høve til å trekkje deg frå prosessen.

Informasjon i utvida søkjarliste

Alle søkjarar har rett til å be om å få sjå utvida søkjarliste. Den inneheld informasjon om namn, alder, utdanning og arbeidserfaring for alle søkjarane på stillinga. Det er ikkje mogleg å sleppe å stå på denne lista. Utvida søkjarliste blir berre gjord tilgjengeleg for søkjarar på stillinga.

Aktuelle nyheiter

Les mer om EU og Norge enige om praksis for varemerker i ond tro og i strid mot offentlig orden eller moral
Krystall-Isblå-Møsegrønn
  • Nyheter
  • Varemerke

EU og Norge enige om praksis for varemerker i ond tro og i strid mot offentlig orden eller moral

Patentstyret og EUIPO har utarbeidet felles praksisdokumenter (CP13 og CP14) som tydeliggjør hvordan varemerkesøknader i ond tro vurderes, og hvordan merker som strider mot offentlig orden eller aksepterte prinsipper for moral tolkes. Målet er å styrke forutsigbarhet, rettssikkerhet og klarhet for både søkere og saksbehandlere.

Publisert 15. september 2025